Flytelt
Flytelt
General
Chromatic
C
-6 -6 6 -6 -6 -5 6 5* -5 Selja står saftgrøn og sevjemjuk, -6 -6 6 -6 -6 -5 5 -4 4 kvistfri og ferdig til fløytebruk -7 8 -8 8 -7 6 7 -7 for hage smågutehender. Tonen kjem smygande, mjuk og var, aukar i kraft og fær døyvde svar langt borte frå andre grender. Solgylt og djup med ein eim av vår, slørd som i lengt og vemodig sår han skiftande stig og bårar. Gåta om livet ligg løynd der i jordbundne krefter som gjer seg fri, løyst ut gjennom tusen vårar. Småfuglen tagnar i skogen då, undrande sit han og lyder på og gløymer seg lange stunder. Barnet som stabbar i garden lær, undrar seg på kva vel dette er for spelande, blankt vedunder. Frostvar på tun står ein gamal mann, minnest den gongen då ogso han sprang berrføtt i fjell og finne. Tonane leikar i hugen hans, augo står fjerne med dimslørd glans mot barndommens bleike minne.
Комментариев пока нет...